tirsdag 22. juni 2010

Forelska

Sånn heilt plutselig har eg blitt forelska. I Argentina. Altså, ikkje landet. Landslaget. I fotball. For herrer.

... vi snakker VM, ja. Beklager. Eg veit eg har fotballblogg, men ja. Av og til kjem eg berre ikkje til å greie å halde meg.

Eg skulle heie på Nederland i år eg. Eller England. Utan at det stakk så veldig djupt. England har eg heia på sidan 1996. 90% av favorittspelarane mine var jo der. Nederland... dei har berre fine drakter. Som sagt, det stikk ikkje så djupt. Det er igrunn litt deilig med eit meisterskap der eg ikkje bryr meg det kvekk om kven som vinn. Så det var England og Nederland eg skulle halde med.

... litt glad for at det ikkje vart England...

For det hende noko uforutsett, sånn om lag 5 minutt ut i Argentina sin fyrste kamp. Eg blei rett og slett litt betatt. Av fotballen, altså.
Eg skulle jo i alle fall ikkje halde med Argentina eller Brasil. Førehandsfavoritter er det værste eg veit. I alle fall i fotball. Dessutan; Maradona? Uæk.
Ikkje det, prinsippa mine har det med å gå i grus. I alle fall dei litt meir flåsette prinsippa. Som det om at Didrik Solli-Tangen ikkje var pen. For han var ikkje det. Men så såg han sånn

på meg litt for mange gonger, og då blei han det gitt. Ikkje mi skuld, hass skuld. Han smiler for mykje ...

Men, avsporing. Fotball var det vi snakka om. Og mi nyforelsking i Argentina. Diego Maradona eller ei. For Argentina speler FIN fotball. Så der gjekk enda eit prinsipp i grus. I år er eg Argentina-fan. Sorry Wayne. Men, eg heier på deg elles i året da.

Dessutan vart eg minna på at ein av mine gode, gamle helter er argentinsk. Gabriel Iván Heinze;


Han var stor stor STOR favoritt då han var United-speler. Dessutan var han ganske anonym og skikkeleg av seg utanfor bana, noko eg ser som ei kjempestjerne i margen til stjernespelarar. Så eg verkeleg elska Iván.
... erm, ja. Eg bruker mellomnamnet hans. Eg har ein ... eg er liksom ... eg har dårlege assosiasjoner med namnet Gabriel. Det er så enkelt. Smålige dårlege assisiasjoner, men ja. Dei er mine assosiasjoner, eg bestemmer kor mykje dei skal ha å seie.
Men heldigvis har Ivàn eit mellomnamn. Så då vart det det. Ivàn. Ingen aner kven eg snakker om når eg ser kamp og roper "kom igjen Ivàn, stopp an!". Men eg veit det i alle fall sjølv.

Uansett; mellom steikje fine fotball og Gabriel Ivàn Heinze så har det blitt Argentina-supporter av meg. Så får eg heller tilgi at Tevez og er argentiner. Var trass alt Ferguson som gjorde den blemma, ikkje eg ...

... ja, forresten. Eg må jo ha ei meining om vuvuzelaen. Og for å vere heilt ærlig så slutta eg å høyre den etter om lag to kampar. Einaste gongane eg høyrer den no er når nokon påpeiker at den er der. Kommentatorane til TV2 er mykje mykje mykje meir irriterande. Sådeså!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar