onsdag 23. juni 2010

Offisiellt irritert!

Kjære norske bankane.

Hei, Linn heiter eg. Eg har forhaldsvis stabil økonomi, brukar skjeldan penger eg ikkje har (og om eg gjer det snakkar vi maks 200 kroner) og betaler regningane mine den dagen lønna kjem inn, ikkje den dagen dei forfell. Eg har betalt ned på studielånet mitt sidan den dagen eg slutta på skule, enda eg var meir eller mindre arbeidsledig fyrste året.

Eg er, kort sagt, milevis unna Luksusfellen.

Og eg skjøner kvifor dykk har gjort det, altså. Eg skjøner at det å stadig ligge på maksbeløp i minus er eit problem både for dykk og kundane. Så denne sperra dykk har lagt på "0 kroner, 0 kjøp" kan eg absolutt forstå. Det er faktisk på ein måte litt greit.

Men dette er ikkje greit;

Å stå på butikken (Coop, for å vere eksakt) med varer for 500 kroner, for så å få kortet avvist. Enda eg veit eg har penger på konto. Og når eg sjekker kontoen i minibanken, etter ein noko pinlig samtale med han i kassa, kva ser eg da? Det mangler 150 kroner på at eg skal ha nok pengar.

Et. Hundreogfemti. Kroner.

Kjære bankane; har dykk sett Luksusfellen? Har dykk sett kor mange som har skuffer og hyller fulle av regningar dei simpelten let vere å betale? Har dykk sett kor mange som tek seg forbrukslån opp over øyrene? Eller som får gjeldsanering, fordi dei bruker over evne?
Har dykk verkeleg tenkt å straffe folk som mangler 150,- kroner på å betale matvarene sine? Er dykk klar over for ein idiot eg kjende meg som?

Og det verste er at eg har dei 150 kronene og, på ein annan konto. Så om eg berre hadde tenkt på det, så kunne eg før dei over tidlegare i dag (akkurat det er eg mest irritert på meg sjølv for).

Eg skjøner at vi må ha lover og reglar og sånn. Eg er heilt med på den. Men å stå der og kjenne seg som ein idiot fordi 150 kroner står på feil konto. Det er eg IKKJE for.

Og på toppen av det heile var han i kassa dritpen.

/usakleg utbrot

1 kommentar:

  1. Så sant så sant Linn! Ei er ikkje av dei som er like flink som deg, men ligg eit godt stykke unna luksusfellen eg og, men fekk like vel oppleve same pinlege situasjonen som deg. Måtte låne kortet til krapylet for å få handla mat til helga. Med store lovnader om at han får det att snart. Drøymer om skattepengar i store mengder.

    SvarSlett