tirsdag 22. juni 2010

Drømmedrøm!

Sidan eg blogger og klager over dumme draumer så er det berre på sin plass at eg tek tak i dei gode og. For denne var råkul. Faktisk betre enn den der Mythbusters spelte inn episode i bygda, og eg fekk hjelpe dei å få ting til å seie 'pang'.

Eigentleg var den jo eit mareritt. For eigentleg handla den om ein seriemorder som gjorde grusomme ting mot offera sine. Som alltid var kvinner. Så eg stod naturleg nok på lista. Men det går heilt heilt heilt fint, når du blir passa på av Sherlock Holmes i moderne utgåve. Altså, då meiner eg ikkje Guy Ritchie si moderne utgåve (sjølv om det sjølvsagt var Robert Downey Jr.), men Sherlock Holmes anno 2010. Som eg tydelegvis var nær ven av, og som alltid i var i nærleika, klar til å redde meg om situasjonen krevde det. Så, seriemorder i hælane til trass; eg kjende meg heilt trygg. Var ikkje redd i det heile teke. Sjølv ikkje då eg vart jaga av han, og eg vakna før eg fekk vite korleis det gjekk.

Men det rare er ikkje sjølve draumen. Den kan enkelt forklarast; for mykje film i det siste. Med Robert Downey Jr. Og med element frå både Sherlock Holmes, Gothika og Wire in the blood så ja. Eg skjøner kvar akkurat det kom frå.

Nei, det rare er byen.

Eg budde i leilighet, i den same byen eg alltid bur i når eg drøymer at eg bur i by. Eg veit ikkje kva for ein by det er, men hadde eg hatt teikneferdigheter skulle eg teikna gatene eg går opp/ned. Den med parken i svingen på eine sida og rekkverk på den andre med utsikta over byen, og utover mot sjøen og fjella på andre sida av fjorden. Dei smale gatene, einvegskøyringane, utprega hus med bakgarder og balkongar. Utekafèane, skilta i butikkvindauga.
Og nei, det er ikkje Ålesund. Eg har ofte tenkt at det må vere Ålesund. Men samstundes har eg trudd at det er London. Og Oslo. Så eg aner verkeleg ikkje. Ein ting er å innbille seg korleis ein stad ser ut. Ein anna er å innbille seg ein stad som ikkje eksisterer. Og at det er den same staden kvar gong. Den same gata eg går langs for å kome dit eg skal (på jobb, på date, til politistasjonen).

Det ligg sikkert ei meining bak. Utan at eg er god nok på draumetyding til å finne den. Akkurat den biten med Robert Downey Jr. treng eg ikkje bok for å tolke.
Men den byen ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar