tirsdag 29. juni 2010

Boktips: Labyrinth av Kate Mosse

Med om lag 300 sider att av Labyrinth våger eg meg til å anbefale den.

Labyrinth (eller Labyrinten) fyljer to historier parallelt. Begge utspeler seg i, og rundt, den franske byen Carcassonne, den eine i 1209 og den andre i 2005.

I 1209 treff vi Alaïs Pelletier Du-Mas (ja, eg er berre kry fordi eg kan stave det), dottra til intendanten til Raymond Roger Trencavel (ekte person, gjett om eg skal lese meir om dette). Med ein krig på trappene, betrur far til Alaïs henne med ei av tre løynde bøker som skal skjule sanninga om Den Hellige Gral. Med ein fransk armè på veg mot byen, blir det Alaïs si oppgåve å sørge for at løyndomen ikkje blir oppdaga.

Under ei arkeologisk utgravind i 2005 finn Alice Tanner heilt tilfeldig ei hole i fjellsida. Inne i hola finn ho mellom anna to skjelett, og ein ring med eit labyrint-møster på. Samstundes byrjer ho å få rare draumer, og lynerindringar frå eit liv ho ikkje hugser å ha levd. Etterkvar som funnet av hola blir kjent hender det ting med dei rundt henne, og ho sjølv byrjer å skjøne at ho er i fare.

Eg elsker alt som har med tempelriddarar og gral-søken å gjere. Frå DaVinci-koden, til Broken Sword og no til denne mursteinen av ei bok. Men la deg ikkje skremme. Om du liker slike historier, går denne ganske fort å lese. Og akkurat når du har lese nok 1209-engelsk, slår forfatteren tilbake til 2005 (eg rekner med at skillet er like tydelig på norsk).
Nydelig språk, spanande historie og meir enn nok gåsehud-augeblink.

Anbefalast på det sterkaste og varmaste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar