lørdag 5. juni 2010

Bygones

Eg skulle berre ein liten tur innom youtube, for å finne litt Ally/Larry-klipp og mimre om gamle dager. Så fann eg denne, og då var det gjort.



Ally McBeal er, den dag i dag, den absolutte favorittserien min. CSI, NCIS, Bones, Cold Case, Wire in the blood, Waking the dead... dæven, eg ser mykje krim! Men uansett, det var ikkje poenget. Poenget var at ingen av dei slår Ally.

... før eg fortsett bør det poengterast at eg veit at Ally McBeal er ein TV-serie. Det visste eg då og. But bear with me.

Ally er liksom tvillingsjela mi. Overaktiv fantasi, overanalyserande hovud, og den der kjensla av å ville krympe til Tommelise-storleik og gøyme seg bak eit stolbein... been there! Så då serien kom på TV var det det beste som kunne hende meg. Ein kveld i veka kunne eg sette meg ned i selskap av ei som var like nevrotisk og småsprø som meg.
Eg greidde alltid å finne ein identifiserande faktor i Ally McBeal-episodane, alltid noko eg kunne koble til hendingar i mitt eige liv. Eg hadde jo også ein Billy.
Snakke til meg sjølv; check
Egen bakgrunnsmusikk; check (no danser eg til denne både titt og ofte)
Problem med å finne den rette; check check and double-check

Skalerte ned til ein 16-åring si verd var alle problema til Ally også mine. Hadde eg kjærleikssorg, hadde ho det alltid og ... ok, her var oddsa rett nok gode, ho hadde alltid kjærleikssorg. Men i bunn og grunn kjende eg meg att. Eg hadde nokon å dele mine sære, lille ting med.

Eg følte med Ally. Kanskje litt vel mykje, med tanke på at ho var ein figur på TV. Men eg håpa håpa håpa at det skulle ordne seg for henne. Innerst inne fordi eg tenkte at når vi hadde alt anna til felles, kom vi til å få det til felles og. Det var derfor eg var så glad då Larry dukka opp.

Larry Paul. Han var ... perfekt. Både for meg og Ally. Morosam, eksentrisk, sjarmerande. Men med ei melankolsk side, ting du måtte lokke ut av han. Ein mann som kunne redde oss, men som vi samstundes måtte redde og. Han var siste brikka i puslespelet Ally McBeal, og eg var sikker på at serien kom til å ende med dei, lukkelege.

Eg tilga aldri David E. Kelly for at han gav Robert Downey Jr. sparken då rusproblema hans blussa opp att. Eg skjønte heile den greia med godt eksempel og skikkeleg folk og alt det der. Men David E. Kelly skjønte ikkje at han hadde knust Ally og min sin illusjon for alltid.

For Larry var perfekt. Larry var mannen Ally venta på, den som kunne gi verda hennar meining. Og Larry enda opp med å bli mannen eg venta på og. Altså, ikkje Robert Downey Jr. eller Larry Paul. Men ein mann som han. Ein som såg alle dei søte små raritetane våre, men som likte oss likevel. Som ikkje lot seg skremme. Som skaffa Sting som underhaldning på bursdagen vår.

Dette tok David E. Kelly frå oss. Og serien vart aldri det same etterpå. Eg håpa kvar veke, kvar nye episode og kvar sesong at nokon hadde ombestemt seg. At Ally skulle opne døra når det ringte på om kvelden (det var jo alltid nokon som ringte på om kvelden), og der skulle Larry stå. Og så skulle dei leve lukkeleg alle sine dager.

Men nei. I staden rota dei inn ei dotter teke ut av ingeting og Jon Bon Jovi. Nei nei nei.

Den dag i dag blir eg irritert, nesten litt lei meg, når eg ser klipp av Ally og Larry. Det er noko anna å sjå Wendy og Hodges (CSI). Den serien pågår enda, ting kan skje.

Men Ally og Larry får aldri kvarandre. Og eg veit, eg skreiv nett eit blogginnlegg der eg argumenterte for det stikk motsette av dette. Men det var annaleis. Dette er annaleis. Det handla om den perfekte mannen, den perfekte kjærleiken, det perfekte alt.

Verken Ally eller Larry var perfekte. Men dei passa perfekt saman.

2 kommentarer:

  1. Eg har faktisk aldri sett Ally McBeal, eg! Men eg vuderer å investera i ein sesong. Kjekt å ha^^

    Og hei! Snakker me Wire in the blood? Seriøst. Tony Hill er Mannen :D

    SvarSlett
  2. Oh, Tony Hill :D Tony Hill er berre... [lost for words] Den der herlege, totalt uoversiktelege personen som du aldri veit kvar du har, men som du berre må ha der. ELSKER Tony Hill :D

    SvarSlett