onsdag 9. juni 2010

Eg må blogge om noko eg ikkje kan blogge om

Altså, eg kan blogge om det. Men eg kan liksom ikkje blogge om det.

Og eg veit ikkje kvar eg skal byrje. For om eg byrjer med byrjinga så blir det ganske opplagt kva det gjeld, og då er det liten vits i å vere kryptisk. Dessutan er eg ikkje sikker på kva for ei byrjing eg skal byrje med.

Vanligvis hadde eg snakka med ei vennine om dette. Men eg liker ikkje å gi folk rett. Så det kan eg ikkje gjere. Dessutan blir alt så mykje større når ein deler det. I alle fall løyndomar. Og dette er ein løyndom.

Ikkje ein stor ein. Ikkje ein farleg ein. Ikkje ein ekkel, skummel eller straffbar ein. Men det er ein løyndom som må haldast på for min eigen del. Hovudet mitt klarer fint å analysere ting i hæl på eigenhand, eg treng ikkje hjelp. Og om eg fortel nokon dette så kjem eg til å få langt meir hjelp enn kva som sunt er.

Altså, dette er ikkje mi eiga skuld ... eller, det er det jo. Men det er krefter eg ikkje rår over; hjartet mitt, og draumane mine. Ikkje dei eg har på dagtid, dei har eg nokolunde kontroll over.
Men dei eg har på nattestid. Dei har laga trøbbel for meg mange gonger. Men vanligvis skal det litt meir til en berre ein.

No skal det seie at denne eine ikkje hadde betydd noko om den ikkje hadde glidd fint inn i ei linje av andre ting eg har grubla over det siste året. Eg har ein tendens til å slå til med innmari levande draumer (vi snakker "kjenner lukta av parfyma til morderen"-levande), og den i natt var ... oh man! Altså, ikkje skitten. Berre levande.

Litt for levande. Eg kjenner det framleis i mellomgolvet når eg tenkjer på den. Og det er fyrste gong eg faktisk har kjent det i mellomgolvet. Eg har kjent etter i eit år, og konkludert med at "nei, sorry." Men no, plutseleg ...

Uff. Dette gjer veldig mykje veldig mykje meir komplisert. Sjølv om det eigentleg er ganske enkelt. På papiret. Og i praksis og. Trur eg. Kanskje. I alle fall frå mi side. Berre at no er det sikkert for seint. At det har blitt enkelt, altså.

Av og til skulle eg VERKELEG ønske eg visste kva eg ville!!

2 kommentarer:

  1. Me er jenter. Eg trur me er skapt sånn... (Really).

    ... Men heldigvis ordner det seg alltid for snille jenter :)

    SvarSlett
  2. Det er det eg set min lit til. At det ordner seg altså. *glorie* :P

    SvarSlett