tirsdag 8. juni 2010

Målet helliger middellet

Eg er film-nerd.

Det kom nok ikkje som ei bombe, men greit å stadfeste det grått på lysere grått; eg er film-nerd.

Spør nokon meg kva som er favorittfilmen min, har dei akkurat stillt meg det vanskeligaste spørsmålet i verda. Så mange gode filmar, i ulike sjangarar, med ulike budsjett, ulike forutsettningar ... you name it. Det er mildt sagt umogeleg å velge berre ein.

Når eg kjøper film, går det etter tre hovudreglar;
1. Innfallsprinsippet - også kjent som "den såg spanande ut". Ofte er den då nett det. Often likner den ikkje grisen. Men eg tek ikkje så mange sjanser elles i livet, så akkurat på filmfronten er eg Daredevil (den var for øvrig sjiiiiiitdårlig)

2. Storfilmprinsippet - Harry Potter, Ringenes Herre, Iron man, Twilight, Millenium-trillogien, X-men. Filmar som berre må bli bra. Ofte fordi eg har lese boka og veit kva det går ut på.

3. Finemannenprinsippet - Kva får du om du tek ein kvinnleg filmnerd, med forkjærleik for pene menn (eller menn generellt eigentleg) og blander det med ustoppeleg samlemani? Svar; meg.
Det byrja med Sean Bean ... eller Alan Rickman. Eg hugser ikkje. Men det byrja i alle fall med ein heftig infatuation for anten Sean eller Alan. To karar i godt vaksen alder, som har rukke og sette namnet sitt på ein del filmplakatar. Så, med samlemanien i ryggen, gjekk eg inn for å skaffe ALT dei hadde spelt i. Inga lett oppgåve. Eg er framleis ikkje heilt a'jour, sjølv om eg ENDELEG fekk ta i Mesmer og Quigly down under (Alan), samt ein Sharpe-film (Sean).

Uansett; å samle alt ein skodespeler har vore i gjer sitt for å fylle DVD-stativet. Og når eg til stadig finn nye å samle på så ja ... har eg nevt at eg har over 300 filmar?

Men så kjem det noko positivt ut av det. Litt som med Innfallsprinsippet, så ender du opp med ein del film du aldri hadde kome på å kjøpe. Og då finn du ein del perler;

The Winter Guest er Alan Rickman sin debut som regissør. Den fyljer fire historier på ein iskald dag i Skottland. Ikkje noko voldsomt drama, ingen eksplosjonar, ingen store, skumle ting. Berre ein liten, søt film som du blir heilt varm i hjartet av.

An awfully big adventure er eigentleg både ekkel og trist. Og vond å sjå (for ikkje å snakke om lese). Men av og til må ein tole det som ikkje har Hollywood-slutt og.

Då er Truly, madly, deeply hakket betre. Trist, rett nok. Men annan type trist enn vanlig. Nina er enke, men i sorga får ho besøk av spøkelset til ektemannen Jamie. Lenge er alt fryd og gammen, men før eller seiner må ho velje mellom draumane og den verkelege verda.

I den andre enden av skalaen finn vi Judas Kiss. Ein IT-gründer blir kidnappa, og under aksjonen blir guvernørfrua skoten og drept. David Friedmann (Rickman) får, meget uvillig, i oppdrag å granske saka. Samstundes må ham samarbeide med FBI-agent Sadie Hawkins, eit samarbeid som ikkje akkurat går knirkefritt.
Eit typisk tilfelle av "ingenting er slik det ser ut". Ikkje la deg skremme av dei fyrste fem minutta, denne er verdt tida di. Om ikkje anna for å høyre Alan Rickman snakke med sørstatsdialekt.

The singing detective såg eg for nokre dagar sidan. Sjølv om dette var ein særs ... vel, sær film, vil eg likevel anbefale den til dei fleste. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal oppsumere den, så eg seier berre "sjå den". Robert Downey Jr. er verdt det åleine, mannen er eit funn!

Bænken er kanskje ein av dei filmane som har overraska meg mest. Den vart kjøpt eine og åleine for Jens Albinus (som eigentleg berre har ei birolle), men eg blei heilt sjarmert av dette danske dramaet. Kan ikkje anna enn anbefalast!

Og medan vi er inne på Jens Albinus (du hugser han kanskje frå Ørnen på NRK) kan eg, under sterk tvil, anbefale At kende sandheden. Om du lover å ikkje seie det til vennina eg såg den saman med. Den handler om kirurgen Richard Mamlros, som under 2. verdskrig må nytte stoffet Thoratrast i samband med hjernekirurgi. Det viser seg etterkvart at stoffet er sterkt kreftframkallande. Filmen handler om livet til Richard, der jobben eigentleg berre speler ei rolle. Denne er ... fæl. Litt morosam til tider, umåteleg trist til andre. Og fæl. Mykje fordi den er i svart/kvitt. Og ikkje rosemaler noko. Sterk, men god.

Så du skjøner det; det er ikkje alltid det å kjøpe film etter Finemannenprinsippet treng å vere så gale likevel ...

4 kommentarer:

  1. Åh! Filmtips! I likes it :D Og Viggo Mortensen er den finaste mannene. Berre så synd at han har spelt i så mykje dritt :P

    Og ja. Du, kjære menneske, er utfordra på bloggen min :D
    http://klisjee.blogspot.com/2010/06/sjlvskryt-og-masse-parantesar.html

    SvarSlett
  2. Oh, eg tek alltid ei utfordring på strak arm :D ... når eg får tenkt meg litt om :P

    Og Viggo Mortensen... rrrrrrawrr :P Har du sett A perfect murder? *sikle*

    SvarSlett
  3. Årh! A perfect murder er fantastisk :D

    SvarSlett
  4. Ja til fleire sånne, nei til fleire "history of violence" og sånn!

    SvarSlett