mandag 21. juni 2010

Og sidan vi blogger om usansynligheiter...

Det er ein ting eg har kjempekjempekjempelyst til å gjere. Samstundes veit eg at eg aldri våger. Eg har sagt at om eg nokon gong gjer det skal eg vere så dritings at eg ikkje kjenner smertene. Og sidan eg ikkje drikk, så ja ... det ser mørkt ut.

... eg snakker om ei tatovering altså.

Ikkje nokke voldsome greier. Vi snakker ikkje sånn liksom


Meir noko lite, diskret, svart eller i alle fall ikkje mykje farge. Ein alvisk L for eksempel:


Eller eit teikn av noko slag. Eller Nemi-dragen. Eller '– gjør noe med deg'.

Det er innmari stilig med tatovering. Sjølv om det kan bli for mykje av det gode, så er det innmari mange kule tatoveringar rundt om kring. Og ja, eg er litt inspirert av kåringa til VG.

Eg hadde håpa at eg kanskje skulle våge når eg blei eldre. For eg har tenkt på tatovering LENGE. Men, eg er ei pyse. Ei skikkelig pyse. Og tatoveringar blir som kjent ikkje "licked on by kittens" (Rachel, Friends). Eg kunne fort enda opp som Phoebe i den episoden; ein liten blå prikk, som symboliserer jorda slik farfar og morfar ser den frå himmelen.

Men ei tatovering er noko som krev mykje tankeverksomheit. Den skal trass alt vere der for alltid. Det er lenge det. Ein meir impulsiv person enn meg hadde sikkert ikkje teke det like tungt, men min evne til å tenkje alt for langt fram i tid. Dersom eg f.ks tek eit sitat frå ein Kevin Smith-film, som for eksempel Anyone who isn't dead or from another plane of existence would do well to cover their ears right about now (Metatron) så er det ikkje sikkert eg tykjer det er like gøy når eg er 85. Hvis eg lev så lenge.
... det håper eg. Og eg håper eg sit på gamleheimen og ser Dogma.

Eller om eg vel I just like to fuck with the clergy, man. I love to keep those guys on their toes (Loki) så får eg eit himla forklaringsproblem når eg får ungar.
Ikkje at eg hadde tatt det. Men ja; poenget var at det krev litt igjennomtanke.

Men det ligg veldig an til noko fan-relatert. Og nei, ikkje slik;

(innbill deg at den er laga av nokon som kan teikne)

Eg tenkte meir på noko som hardbarka fans kjenner att med ein gong. Som ordet 'Always'. Eller 'It does not do to dwell on dreams, and forget to live". Eller berre 'Erised'. Eller eit gammaldags reagensrør, med kork. Noko i den duren. Eg kan liksom ikkje skrive SS heller. 'Look... at... me' går også. Men det må vere noko ... lite. Enkelt.

Ikkje at det hjelp, eg kjem aldri til å våge. Men om eg gjer det... då hadde noko slikt vore innmari kult:


2 kommentarer:

  1. Jamen kjære deg, det er ikkje så vondt altså! Eg syns eigentleg det var mest 'irriterande' då eg tok mine :) Syns du skal go for it! Heilt sant!

    Og ELSKTE dei to nederste! :D

    SvarSlett
  2. Trur du er ein del tøffere enn meg :) men er jo somme stader som skal vere betre enn andre. Og om det berre er ei sånn lita ei... Hmmm

    SvarSlett