onsdag 26. mai 2010

Enkel mattematikk

eller "Kvifor det ikkje er så gale at eg kjøper iPhone trass i at eg blir arbeidsledig om tre dager".

Har snusa på iPhone sidan i fjor haust. Nærare bestemt, sidan eg sat på nattbuss til Oslo 7./8. november og såg guten i sete framføre meg fikle med sin heile vegen. Eigentleg er eg ikkje sånn som kjøper nytt med ein gong det kjem, og eg hadde jo ganske ny og brukbar sony ericsson, så det blei med draumen.
Men eg treng ikkje store grunnen til å kjøpe nytt heller. Sony'en min byrjar å få dårleg batterikapasitet, og dessutan har eg snart bursdag. Pluss at eg har solgt for 150 000 meir enn eg hadde pålagt meg sjølv å selge for før eg fekk kjøpe iPhone. Så, i bonus, provisjon og bursdagsgåve frå meg til meg, blir det i år iPhone.

Men no er iPhone ganske så dyrt. La oss til dømes ta ein av dei eg har sett på i det siste, 3GS 32GB, med Telenor Surfeprat XL abn. Hjå Spaceworld er totalpris for eit år 14.187,00.
La oss runde ned til 14.000,-

La oss så sjå på nokre harde fakta;
- Eg drikk ikkje
- Eg røyker ikkje

Dette er jo dyre laster. La oss sjå nærare på dei;

Drikking
La oss seie eg drakk alkohol. Og la oss seie eg kjøper ei 100 cl-flaske Bacardi Razz i månaden.
OBS: Eg aner ikkje om detter er mykje eller lite. Det meste eg har drukke i mitt liv er fire cider på ein kveld. Så eg leita opp noko på vinmonopolet sine sider som eg visste kva var, og tok det derifrå. Om dette er storforbruk får vi late som eg er alkoholikar. Om det er småforbruk får vi late som eg er billig i drift.

Så, kvar var vi? Overnevnte Bacardi koster 413,90,- Då blir reknestykket for året 413 x 14.
... ja, eg veit. Det er 12 månader i året. Men hallo, i desember må eg jo ha to, fester annakvar dag. Og i juni har eg bursdag. Og så har vi jo fyrste mai. Så ja, litt ekstra må reknast med.
Uansett gir det ei årlig Bacardi Razz utgift på 5.782,-

Røyk
La oss, noko motvillig, late som eg røyker og. No aner ikkje eg kva ein pakke røyk koster. Men i følge ein post på kvinneguiden.no (funne via google) kosta ein 20 pk 68 kroner i 2007. Eg rekner med det ikkje har blitt billigare, så la oss seie 90 kroner.
Eg er ein ganske stressa person, til tider. Eg jobber jo i avis. Og eg har forstått det slik at røyk er nokon ein bruker mykje av når ein er stressa. Og så blir det sikkert røkt litt når eg kjem heim. For å gjere det enkelt låner eg mottoet til Bama; 5 om dagen. Dette er sikkert kjempelite, men då får vi late som eg i ferd med å slutte.
Det vil seie at ein 20 pk varer i fire dager (4x5 er som kjent lik 20). 30/4 = 7,5, så vi runder opp til 8.
Og så må vi ikkje gløyme at eg drikk og. Og om eg drikk så må eg jo røyke meir. Dessutan er eg singel, så då kan eg drikke kvar helg. Så la oss seie ti 20pk i månaden, berre for å ha eit tal. Det blir 900,- pr. månad, som igjen blir 10.800,- i året.
Sidan det sikkert går med litt meir enn det eg har rekna med allereie, runder vi opp til 12.000,-

Eg har altså då ei samla, årleg (fiktiv) utgift på 17.782,- Vi runder opp til 20.000,- sidan eg glømte å rekne med vin og øl/cider i samband med alkoholen.

Konklusjon:
Eg sparer 20.000 i året på å ikkje røyke og drikke. Overnevnte iPhone m/abn. koster 14.000,-
Det vil seie at eg (fiktivt sett) sparer 6.000,- i året på å kjøpe iPhone.

Er ikkje det god økonomi så veit ikkje eg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar