mandag 17. mai 2010

Gratulerer med vel overstått!

I alle fall her i garden. Den saga natt er i ferd med å senke seg, og 17. mai er over for i år. Og det slår meg at nasjonaldagen ikkje er det den ein gong var.

Altså, den er framleis Nasjonaldagen. Dagen vår. Den dagen vi er mest kry av å vere norsk. Den dagen alle korps er ute i gatene, og alle musikantar mellom 5 og 55 har gnagsår på alle tenkjelege stader før klokka har passert tolv. Dagen som redder årsbudsjettet til både Gilde og Hennig Olsen. Dagen for tuting i platikk-kornettar, sykling i bunad og kasting av hestesko.

Og synging av Ja, vi elsker ...

Men det slår meg at 17. mai primært er ein dag for ungar, eller dei med ungar. Vi andre, vi som er midt i mellom, ser på dagen med litt andre auge.

Eg er framleis like kry av at eg er norsk, men ... eg gler meg liksom litt til den 17. mai'en eg kan sjå på minstemann blåse i sin fyrste plastik-tut. Eller sjå eldstejenta gå i tog attmed dei andre fyrsteklassingane, i den heilt nye bunaden sin. Sjå på han i midten sykle så grusen på skuleplassen fyk bak trehjuls-sykkelen, med faren i fullt firsprang etter. Stå om kvelden, med tre utslitte småtroll under kvar si dyne, og legge bunadsskjorter i bløyt, for så å lappe bukse med stort hol på kneet.

Den dagen er langt unna, same kva nokon seier om at ting skjer fort. Den dagen kjem ikkje med det fyrste.
Eg har vokse fra 17. mai, på eit vis. Og fram til eg får mine eigne små en alen lange, blir ikkje dagen like stas som før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar