tirsdag 18. mai 2010

Just close your eyes, but keep your mind wide open

Sidan eg ligg rett ut likevel, kan eg like godt gjere nytte for meg. Eller "nytte". Noko må eg i alle fall gjere. Og sidan SnakkOmFilm utfordra meg til å setje opp ei Topp 10-liste med favorittfilmar, tenkte eg at dette måtte då vere ypperlig blogg-arbeid.

Dette blir ei litt spesiellt Topp 10-liste. Sidan det seier seg sjølv at som ivrig Harry Potter og Ringenes Herre-fan går alle dei filmane rett inn på lista så ja... den blir fort full av opplagte val.

Så eg tek ein vri; eg lager ei Topp 10-liste over filmar som har overraska meg. Filmar eg har kjøpt på måfå, eller i min trong etter å eige alt den og den skodespeleren har figurert i. Mange av favorittfilmane mine har dukka opp i bunn av ei "2 for 3"-kasse, eller til 59 kroner ein eller annan stad.

Så her kjem eit lite utval av filmar du kanskje ikkje har høyrt om, som er vel verdt å sjå på:

Ladies in Lavender
Judi Dench og Maggie Smith speler søstrene Ursula og Janet, som bur saman i eit lite hus på kysten av Cornwall i 1930-åra. Morgonen etter ein fæl storm finn dei ein ung mann på stranda, truleg skyllt på land frå eit skipsforlis. Dei tek han med heim og pleier han.
Litt etter litt lærer dei at han er polsk, heiter Andrea og er ein begava fiolinist. Kommunikasjon går på enkel tysk, og etter kvart lærer han engelsk. Men ikkje alle stoler på at Andrea er heilt uskuldig.

Judi Dench er fantastisk i denne. Maggie Smith og. Den låg i bunn av ei kasse med filmar til 59 kroner, og eg har ikkje angra ein dag. Med denne filmen får du både le og gråte, og du kjenner deg bra på slutten. Fin film!

Little Miss Sunshine
Den mest dysfunksjonelle familien i Amerika dreg ut på road-trip fordi yngstejenta i familien er oppsett på å delta i "Little Miss Sunshine", ein missekonkurranse for born. Med mellom anna ein mislykka motivasjonsføredragshalder og far (Greg Kinnear), ein bestefar som røyker dop (Alan Arkin) og ein suicidal bror/svigerson (Steve Carell), er det duka for ein biltur dei seint vil gløyme.

Denne filmen er så sprø at du berre må elske den. Og under galskapen ligg det opptil fleire gode poeng. Must-see!

Secret Window
Det er ikkje greit å vere forfattaren Mort Rainey. Kona har gått frå han, og han bur åleine i hytta deira på fjellet, berre med selskap av hunden sin. Og han har attpåtil skrivesperre. Og ting blir ikkje betre då ein mann ved namn John Scooter dukker opp på døra hans, og anklager han for å ha stole ei av novellene hans. Mort avviser han kontant. Men etter dette byrjer fæle ting å skje med dei rundt Mort, og han skjøner at han snart er neste på lista.

Johnny Depp slår skjeldan feil. Ei heller som eksentrisk forfatter med gærning i hælane. Men, heller ikkje her er ting som dei virker...

Bridge to Terabithia
Jess, nest yngst i ein stor familie, får ein ny ven og nabo i smått eksentriske Leslie. Foreldra hennar er forfattarar, og Leslie har ein fantastisk fantasi. Saman oppdagar ho og Jesse verda Terabitiha, ei verd dei må befri frå onde troll og magiske skapningar. Leslie viser Jess ei verd der fantasien er det einaste som set grenser.

Fantasi er kanskje det viktigast vi har, og alle som har vore små hugser kor gøy det var å drøyme seg vekk til røynde verder. Denne filmen er slik. Eg hadde det slik. Denne filmen minner meg så mykje om korleis det var å vekse opp, og kanskje nett derfor rører den så sterkt ved meg. Eg gret kvar gong eg ser den.

You stupid man
Owen er verdas lukkelegaste mann; han har ein vakker kjærast, som attpåtil er skodepelar, og livet smiler. Heilt til han kjem på overraskingsbesøk, og finn henne saman med medspelaren sin. Owen blir knust, og gir opp alt håp om å finne kjærleik igjen.
Så treff han Nadine. Fyrste møte går mildt sagt til helvette, men etter kvart veks det fram eit venskap dei to imellom. Et venskap som litt etter litt blir til noko meir.
Men så dukker eksen til Owen opp, sparka frå TV-serien sin, og full av anger.

Nokon meiner det finnast nok romantiske komedie i verda. Andre, som meg, får aldri nok. Vi kjenner oss alltid att i eit heller anna, og i denne kjende eg meg kanskje att meir enn nokon gong. Det er ikkje infløkt, det er ikkje tåredryppande og det kjem ingen overraskande slutt. Men av og til er det enklaste det aller, aller beste.

Dark Harbor
Eit skrantande ekteskap, ei helg ved kysten, ein fremmed i vegkanten...
David og Alexis finn ein forslått gut i vegkanten, på veg til kysthuset sitt. Han nektar dei å ringe politiet, og dei gir han skyss til næraste by. Men neste dag dukker han opp att.

Dark Harbor er kanskje ein av dei beste filmane eg aldri hadde høyrt om. Den blei kjøpt primært for Alan Rickman, men det tek om lag fem minutt før du er så hekta at du gløymer kven som er med. Du lurer stadig på kva som skjer, og akkurat når du trur du har forstått det viser det seg at du har mistyda alt.

Dark Harbor er ein film du må sjå fleire gonger. Den er faktisk best på 3.-4. forsøk, det er fyrst då du byrjer å sjå alle dei små detaljane du gjekk glipp av dei fyrste gongane.


Eg kunne sikkert tatt mange, mange fleire. Men dette får bli ei byrjing.

2 kommentarer:

  1. Hei! Så kjekt å lese om filmer som eg ikkje har høyrt om frå før!
    (Men nå blir sikkert kona litt frustrert over anda fleire dvd´er som kommer i posten på sikt..)

    Faktisk berre "Little Miss Sunshine" eg har sett, og den er jo KONGE!

    Takk skal du ha for ein flott liste!

    SvarSlett
  2. Nettbutikkar som Platekompaniet og Amazon er det verste som har skjedd bankkontoen min :P

    SvarSlett