søndag 30. mai 2010

"Whatever you do in life will be insignificant. But it's very important that you do it"

Ghandi

Det beste tinga i livet er dei du venter deg aller minst. Sjølv om du blir kjempeglad for å få det du ynskte deg i bursdagsgåve, blir gleda enda større når du får noko du eigentleg ikkje trudde du skulle få. Eller når du finn ut at noko du trudde ikkje såg deg, faktisk ser deg akkurat slik du ser han.
Nokon gonger er det store ting, som kjærleik eller eit blått pluss på ein graviditetstest. Andre gonger er det små ting, som ein sang du verkeleg fell for eller ei god bok.

Eller som i dag; ein film.

Eg har sett Remember me på kino. Ein film eg utan problem innrømmer at eg berre skulle sjå fordi Robert Pattinson er med i den. Av og til er eg enkel sånn. Og det var nok det vi hadde tenkt, alle oss 15 i kinosalen.
Remember me er ein film som ikkje får så mykje merksemd. Den har kjende skodespelarar, rett nok; mellom anna Robert Pattinson, Pierce Brosnan og Chris Cooper. Men den har ikkje farge på filmplakaten, traileren er litt difus og den ser litt "tung" ut. Den har ikkje pappfigurar utanfor kinoen (i alle fall ikkje her), og hadde ikkje Robert Pattinson stått på lista så hadde nok ingen sett den på kino. I alle fall ikkje mange.

For Remember me ser ut som ein heilt vanleg, litt dramatisk, romantisk film. Ingen spesial-effekter, ingen kjendisar som dukker opp i uventa cameos, ingen ingenting. Det er lett å bli ein storfilm med mykje penger i ryggen, store eksplosjonar og kule superheltar. Det er ikkje så lett når tagline'en din er; Live in the moments.
Berre ein søt liten film med svart/kvitt-plakat.

Remember me er meir. Så mykje mykje meir. Den er søt og romantisk og dramatisk på alle måter. Men Remember me er meir. Eg kan ikkje seie kor mykje meir. Eg vil at folk skal oppleve det sjølv. Kanskje kjem du ut av kinosalen og lurer på kva i allverda det var eg tenkte då eg skreiv denne bloggen.
Men kanskje kjem du ut med den same kjensla som eg gjorde, og som fekk meg til å bruke heile bilturen heim på å mentalt formulere dette blogg-innlegget.

Og tru du meg; då er det absolutt verdt det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar