onsdag 5. mai 2010

Fotballinteressert

Då eg byrjar å sjå fotball hadde eg ikkje heilt ærlege hensikter med det. Det var eit ledd i ein større plan om å imponere den rette guten. Planen feila totalt, men fotballinteressa fekk rot. Sidan har eg vore hekta.

Men det er eit problem med å vere jente og å like fotball.
Og det er at du er jente og liker fotball.


Problemet har fleire nyanser. For det fyrste blir du ikkje alltid teke seriøst som fotballsupporter. Skulle du vere så dum å lire av deg ein fjasette kommentar om at "de e ingenting som e så fint som våte, oppgitte mannfolk i fotballdrakt", har du effektivt fjerna all din kredibilitet.


Altså, la oss få sagt dette med ein gong; det er
himla mange pene menn som speler fotball. HIMLA mange pene menn. Dette er ikkje til å kome frå, stikke under ein stol eller unngå å oppdage. Barske menn som blir takla så dei sklir halve bana på langs, for så å reise seg opp att, børste av seg skiten og spele videre... det er sexy. Rett og slett. Fotballinteressert, ja. Men også streit kvinne med auge.

Og med fotballspelarar, som med andre pene menn, er eg av den oppfattninga at synet bør nytast så ofte som mogeleg. Om det ikkje var meininga at vi skulle sukke henført over menn, hadde ikkje Gud laga dei så vakre.
Problemet er berre at om du poengterer dette, tyder det automatisk at du ikkje ser kamp for kampen sin del, men for spelarane.

Det blir litt som å seie at du et sjokoladekake for glasuren sin del. Visst er Ville Jalasto kanskje noko av det mest sexy som har ikledd seg ei fotballdrakt, men alvorleg talt. Så enkel er eg faktisk ikkje. Det er som eg har forklart pappa opptil fleire gonger; pene spelarar er berre ein bonus. Er kampen keisam finn du alltids eit eller anna av interesse.

Eg er framleis like god på offside-regelen, på frispark, på formasjonar å alt det der. Litt dårleg på namn, men det er på generell basis.
Ser eg kamp så ser eg kamp, ikkje "pen mann i trang drakt". Og eg tviler på at menn som ser damefotball får dette stempelet.

Men her ligg og bakdelen med å vere jente og like fotball;
Fotballspelarar er pene.


Her skulle eg sagt at eg ALDRI har hatt ein favorittspeler som var favoritten min heilt eller delvis fordi han var kjekk. Men, eg skal vere så ærleg å innrømme at det ville vore lygn. Fyrste favorittspeleren min var David Beckham. Treng eg seie meir?


Det er ikkje til å unngå å bli litt betatt, fotballinteresse til trass. Og når du forelsker deg fortere enn vanleg folk dreg pusten, så ja... då er du litt sjanselaus når det dukker opp folk som David Beckham. Eg skulle skulda på tenåringshormon, men ja... det same skjedde då Mattias Nylund var i AaFK.

Å vere betatt av ein speler på favorittlaget sitt er ikkje noko problem i seg sjølv. Det gjer berre den timen med oppvarming litt mindre keisam ...
Problemet kjem når dei reiser. Og dei reiser, før eller sidan. Anten det er til ein ny klubb, tilbake der dei kom frå eller dei legg opp. Eg sakner framleis Lasse Olsen eg. Og Mattias Nylund. Og Phil Neville. Og Nicky Butt. Altså, ikkje sånn at eg legg meg ned å grin for det, men ja. Det er sikkert ei jente-greie, men du blir likom litt glad i sånne folk.

For tida er det Anders Lindegaard som lager trøbbel for meg, dog på ein litt anna måte. For Anders berre elsker eg, på ein helt platonisk og grei måte. Men med tanke på kor deppa eg var då han reiste i fjor, tør eg ikkje tenkje på korleis det blir når han ein reiser for godt ...

... om eg då ikkje får rett for andre gong, og han havner i Manchester United :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar