søndag 2. mai 2010

Kryptiker

Det er somme ting ein berre vil synge ut om. Bla bla bla, fortelje ALT i håp om at nokon har eit synspunkt som kan setje det i eit perspektiv som verker logisk. At nokon kan seie noko som kan gi heile greia meining, eller løyse floken. Og med så mange lure folk som svirrer rundt på nettet, så burdet det jo vere ideellt å blogge slikt.

Men så var det berre det at internett er offentleg.

Så då må ein vere kryptisk. Skrive litt sånn uforståeleg utsvevande, bruke mange ord utan å eigenleg seie noko. Det får på ein måte ut frustrasjonen, sjølv om ein aller helst vil skrike ut "veit du ka da bla bla bla bla. Ka de bety???"

Eg byrjer å bli litt lei av dette problemet no ... eller, problem. At det er eit problem er mi eiga skuld, det er eg som aldri blir ferdig med det. Eg klarer berre ikkje å legge det frå meg. Same kva som skjer, same kor sikker eg blir på at eg kaster vekk tida mi. Hjartet har no ein gong si heilt eiga drivkraft, og den er det fint lite innehaveren får gjort med. At hovudet, og heile resten av kroppen, skjøner at dette aldri kjem til å bli noko, hjelp lite.

Nei, hjartet har bestemt seg for å vere vrang. Vil ikkje høyre på dei andre, går sin eigen veg... litt som innehaveren, berre at no er det berre irriterande. Det strider eigentleg mot all min logikk å sitere Victoria Beckham, men akkurat i dette tilfelle har ho sunge det best;

My heart's got a mind of its own, won't listen to a word I say. Doesn't it know that I get hurt too, when it acts that way?

Tenk om vi kunne samarbeida... då hadde alt gått så meget betre, både for meg og deg. Då kunne vi funne ei løysing som var gunstig for oss begge, utan at nokon av oss trengte å bli knust.

Av og til lurer eg på om hjartet har rett likevel. At det er så sta av ein grunn, at det er eg som eigentleg sit på bakbeina her. Men samstundes veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere for å innfri forventningane det har. Eg har trass alt prøvd det meste, utan videre hell og med veldig lite framgang.

Kven veit, kanskje ordner det seg til slutt. Kanskje får hjartet rett. Kanskje blir det som Sam i Love Actually seier;

But you know the thing about romance is people only get together right at the very end.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar