søndag 2. mai 2010

Skrivekløe og skrivesperre hand i hand

Eg skulle skrive noko i kveld ... natt. Eg kan rangle så lenge eg vil, det er laurdag og eg skal ingen stad i morgon. Så å sitje oppe heile natta og spinne på historier går heilt greit.

Diverre er ikkje hovudet mitt heilt med på notane.

Historiene er der dei. Eg har mange mange MANGE historier i hovudet, alle med ulik utvikling og innhald, ulike hovudpersonar og ulike sluttar. Dramatiske situasjoner, romantiske ord kviskra mjukt i øyret, oppheta kranglar, drap, mysterie, drama...

Det er sjølve forteljinga det skorter på. Orda vil ikkje ut, dei vil ikkje ned på papiret. Dei surrar rundt i hovudet heile dagen, heilt til eg sett meg ned med ein kopp te og litt god skrivemusikk. Og godt tid.

Då er dei borte, alle sammen. Søkk vekk. Eg hugser at eg hadde ein ide, eg hugser vagt kva den gjekk ut på. Men alt anna er borte. Eg vil skrive, men får det ikkje til.

Ein gong skal eg skrive noko. Noko som blir noko. Eg veit ikkje heilt kva enda, eg veit berre at eg går med alt for mykje i hovudet til at det ikkje skal vere
noko der som kan bli noko bra.

Men då må eg få med meg hovudet på laget. Då må det verke når eg har tid til det, og ikkje berre når eg skulle ha vore i seng for tre timar sidan...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar