søndag 25. april 2010

8. runde - Back on top

og ikkje heilt ufortent...

Sandefjord - AaFK 0-1
Eg skal slutte å vere overraska no, og slutte med "ka E DE so skje me favorittlage mitt?!"-uttalelsar. Utan at det på nokon måte tyder at eg har blitt høg på pæra og trur at det er slik det skal vere. Men etter 8 runder, og 17 poeng, må det berre konstanterast;

Vi er ikkje eit blaff.

Vi kjem ikkje til å vinne. Vi blir ikkje topp tre. Vi er framleis laget som vart nummer 13 i fjor, det er litt tidleg å kalle seg topplag enda. Men vi er ikkje eit blaff.

Vi slo LSK 3-0. Same LSK som i dag haldt Rosenborg til uavgjort på Lerkedal. Vi har spelt uavgjort mot nevnte RBK, og mot Stabæk. Vi grusa Viking på CLS. Og i dag slo vi heimesterke Sandefjord på komplett.no arena (kven sa at Color Line Stadion var eit idiotisk navn?).

Så kva er skilanden? Kva har skjedd med AaFK?

For det første vinn vi på dårlege dager. AaFK for eit par år sidan hadde reist frå Sandefjord i dag med i beste fall uavgjort, men mest truleg tap. Om det berre er Kjetil "hater-å-tape" Rekdal som skal ha æra for dette veit eg ikkje. Men nokon har fått ein vinner-mentalitet inn i AaFK. Som tidlegare nevt var det nesten godt å sjå Ville Jalasto sende ein ball halvvegs til stratosfæren i rein frustrasjon etter 2-2 mot Stabæk. AaFK for nokre år sidan hadde vore nøgd med å karre til seg eit poeng mot eit slikt lag.

For det andre sett vi sjansane våre. Ikkje alle, så klart, men klart fleire. Der AaFK før var Ole Alexander File-bom-bom-bom-bom har vi no blitt mykje betre på å faktisk treffe mål. I dag stod ein god Espen Bugge Pettersen i vegen for 2, kanskje 3-0-siger.

Eg kunne sagt at vi har forsterka laget. Men vi har faktisk ikkje gjort det så mykje. Når det gjeld spelarar inn det siste året, som har gjort ein markant skiland i start-ellveren, kjem eg berre på Ville Jalasto og Anders Lindegaard. Herrera, Phillips og Carlsen kjem hakk i hæl, men har av ulike grunnar (t.d skader) ikkje fått utmerka seg like jamt. Eg skulle ønske eg kunne legge til Magnus Sylling Olsen, men frå min ståstad har han ikkje innfridd enda.

Ellers er det stort sett det same laget i år som i fjor. Og i 2008. Skiri, Aarøy, Arneng, Jääger tilbake, Parr, Orry Larsen, Fredriksen, Mathisen, Tollås. Stallen er meir eller mindre den same.

Men det har skjedd noko med spelarane. Dei orker meir, dei vil meir. Som Ivar Hoff sa for nokre år sidan; hadde fotballkamper vart i 75 minutter så hadde Aalesund blitt seriemester.

Den tida er forbi.

Og eg liker det eg ser. Eg banner og kjefter rett nok medan det står på. Men eg liker det eg ser. Etter 1-0 scoringa i dag tok eg meg nesten i å slappe av litt. For eit år sidan hadde eg sagt at det farligaste i verda er å leie 1-0.

Eg har ikkje tenkt å ta av no heller. Eg veit at eit velplassert Tromsø-spark i mageregionen til Molde i morgon dytter oss ned att på andreplass. Men der ligg heile moroa;

DYTTER OSS NED ATT PÅ ANDREPLASS!


Det har gått 8 serierunder, Aalesund ligg på 1. plass i Tippeligaen, har scora 15 (!!) mål og sluppe inn 7. I fjor blei vi nummer 13.

Bakkekontakten får eg fort nok att. Inntil det skal dette nytast så lenge det varer.

Er du klar over kor himla gøy det er å vere AaFK-supporter for tida??

1 kommentar:

  1. Det er veldig gøy å følge Aafk for tida. Ikkje alltid vi overbeviser altfor mykje, men det ser ut som at laget har sett seg litt bedre denne sesongen og at vi har eit høgare botnnivå enn tidligare, noko som gjer at vi også kan raske med oss litt fleire poeng på dei dårlege dagane.

    Lindegaard har jo vore ute å sagt at om vi får inn ein eller to spelarar til som kan gå rett inn å forsterke laget, så vil vi kunne ta enda eit par steg oppover på tabellen og det stemmer nok ganske godt. Sesongstarten til no har vore nesten utopisk, men det vert eindel vanskeligare å henge med framover, med mange kampar på kort tid og jamnt høgare motstand. Stallen vår er nok ikkje heilt god nok for å etablere seg langt opp på øvre halvdel av tabellen, men det er kanskje ikkje så veldig mykje som skal til.

    SvarSlett