onsdag 21. april 2010

"Dager kommer i alle farger, også grå"

(Dum og deilig, Knutsen&Ludvigsen)

Eg byrjer no å bli så vaksen at eg har eit "forhold" til fleste eldre, kjende norske personlegdomar som går bort. Og det er like trist kvar gong det forsvinn eit andlete du er så van med å sjå på TV eller i aviser. Som Pål Bang-Hansen. Han var liksom alltid berre der, det var ikkje meininga at han skulle forsvinne.

Men dette blir hakket verre.

Ludvigsen er død :(
Gustav Lorentzen vart berre 62 år.

Knutsen&Ludvigsen var to av dei
store barndomsheltane mine, og mange mange mange andre sine. Av den typen du aldri veks fra, dei som er like morosame når du er sju som når du er 27.

Grevling i taket, Eg ve te Bergen, Dum og deilig.

Dette er berre trist :( Berre trist.

Kvil i fred, Ludvigsen


(Foto: Vegard Eggen)

2 kommentarer:

  1. Ja, og han var halve delen av dei som fekk meg til å sjå att eg verkeleg er dom og DEILIG!

    SvarSlett
  2. Dissa to sku ver morsom i lag så mykje lenger jo :(

    SvarSlett