mandag 19. april 2010

Stranda

Det var kvite veger i dag. Og snøen fall tett. Og eg har vinterdekk. Så løysinga vart buss til jobb, for fyrste gong... vel, nokon gong.

Tidlegare i dag tenkte eg at "kanskje dette skal bli ein vane"? Sleppe å vere vaken, kunne lene seg tilbake å lese i eit kvarter. Slett ikkje dumt.

Men no har eg hugsa kvifor eg ikkje tek buss. For her sit eg. Fast. No skal eg rett nok ingen plass før fire, og då skal eg på fotballkamp. Men, om noko hadde hendt i dag. Om eg hadde fått (gud forby) spysjuke eller noko sånt, ja då sit eg fast. Då sit eg her, utan sjanse til å kome meg heim før ein evt buss går heim.

Eg er rett og slett stranda. Og eg hater det.

I morgon blir det bil igjen. Lese får eg heller gjere ein annan gong.


2 kommentarer:

  1. Eg er av dei som ikkje trur på våren FØRmai i allefall. Så her blir venterdekka på ei god stund til, kan ikkje få bot når det snøva rundtt hjula

    SvarSlett
  2. Ja ja, sjå vekk frå skrifeveila

    SvarSlett