fredag 23. april 2010

Defying gravity

Tysdag gjorde eg noko kjempeskummelt. Noko eg har hatt lyst til i nesten to år, men rett og slett ikkje har våga.

Men tysdag våga eg.

Eg har sagt opp jobben min.

Utan noko nytt å gå til, utan ein konkret plan om kva eg skal gjere no.

Som Elphaba i syng i Wicked:
It's time to trust my instincts
Close my eyes: and leap!

Det er ingen dramatikk over dette. Eg har berre mistrivast med sal og salsbudsjett lenge, og har endeleg funne styrka til å våge å slutte. Eg har lenge leita etter ny jobb, i håp om å kunne gå til noko nytt. Men i det siste har eg ikkje kjent meg sjølv att, eg har ikkje vore sprudlande meg på fritida ein gong. Påska gjekk med til å grue seg til arbeidsstart igjen, og dagen før eg skulle byrje på att var eg regelrett kvalm.

Eg bør sikkert vere dritredd, bekymra og lure på kva i allverda eg har gjort.

Men det er eg ikkje. Dette er det beste som har skjedd meg på lenge. Verda er vakrare, fuglane syng finere, sola varmer meir. Det er litt som å vere forelska.

Eg ser berre mogelegheiter.

It's time to try defying gravity.


1 kommentar:

  1. Kjempeflott Linn! Du har gjort det rette, ny jobb eller ikkje. Er det ei dør som let seg att er det to nye som åpnar seg.
    Ein ting er sikkert, ein skal IKKJE gå å ha det slik på jobb. Då gjeng det ut over alt anna. Og eg vil ha ei blid og triveleg Linn, slik eg har kjent ho frå skuledagane på akademiet!
    Lykke til

    SvarSlett