onsdag 28. april 2010

Pustepause

Det merkast at neste fredag blir ein merkedag. Allereie no ligg eg etter, og gler meg berre til siste sida har gått i trykk. Eg har ei kjempetjukk mappe ved sidan av meg merka 'Overtid onsdag', og det er berre det eg må vere ferdig med denne veka.

I dag har eg knapt hatt tid til å hente kaffi, det har gått pristilbod og annonseforslag i alle himmelrettningar. Lønsjen forsvann av seg sjølv, og kosten i dag har vore tørre kjeks, gulrøtter, farris og hasselnøtter.

No liker eg å ha det travelt. Men det går ei grense, sjølv for meg. Så no måtte eg ha ei pustepause. Før eg går laus på dagens siste ord. arbeidstime, etterfulgt av i alle fall ein time overtid.

Får eg dispensasjon til å lage pizza til middag... kvelds?

1 kommentar:

  1. Trøsta di er vel at du snart slepp alt dette. Om du då ikkje finn noke som har tilsvarande rutiner.

    SvarSlett