torsdag 20. mai 2010

Hei verden

*vinke vinke*
Eg veit at dykk ser meg, altså.

Har sett Debatten på NRK. Om Paradise Hotell/reality TV og eksponering i sosiale medier. Paradise Hotell-delen veit eg ikkje heilt, eg har ikkje sett meir av den serien enn dei sekunda det tek fjernkontrollen å reagere når eg zappar. Men eg har skjønt at det handler mykje om sex og drikking og sånn. Det er kanskje derfor det ikkje appellerer til ei avhaldskvinne. Flatfylla har eg aldri vore interessert i. Misforstå meg rett; eg ser ikkje ned på dei som syns det er gøy, liker å ramle på fylla eller ta seg ein fest i ny og ne. For all del, kvar si lyst. Eg berre gjer det ikkje sjølv.

Men det var ei avsporing. Det var delen om sosiale medier som var mest spanande. Eg har ikkje på nokon måte tenkt å bli sinna på Atle Bjurstrøm for kommentaren om at det meste folk legg ut på Facebook og Twitter er svada. Men henge meg litt opp i den, det skal eg.

Eg har prøvd å forklare mange vener, mange gonger, kva som er så gøy med Twitter. "Ka e greia, ka e de for nokke?"
Eg slit litt med å svare. Standardsvaret er jo at det er ei mikrobloggingsteneste der meldingane maks kan han 140 teikn. Det seier folk fint lite. Så etter mange forsøk har eg funne det einaste rette svaret;
Twitter er det du gjer det til.

Då eg fyrst byrja med Twitter skjønte ikkje eg heller eit kvekk. Eg skreiv på engelsk, fulgte heilt tilfeldige folk og ante ikkje kva eg haldt på med. Til slutt gav eg det opp, og fann ut at det var "meiningslaust". Men så gav eg det eit nytt forsøk, slo om til nynorsk og fann ein del norske kvitrarar å følge. Sidan har det berre balla på seg, og no
elsker eg Twitter. Eg fyljer så fantastisk mange kule, morosame, søte, herlege, provoserande og kloke menneske.

Fyrst trudde eg at eg måtte vere kjempeseriøs heile tida på Twitter. Det har eg heldigvis skjønt at eg ikkje må. Twitter blei faktisk berre enda gøyare når eg oppdaga det skjulte potensialet for fjasprat. Eller svada, som Atle Bjurstrøm kaller det.

Mange ser Twitter som ein arena for diskusjonar, store tema og fremjing av viktige saker. Det gjer for så vidt eg og, men eg er ikkje av typen som klarer å komprimere argumenta mine til 140 teikn. Eg tykjer til gjengjeld der er spanande å fylje andre sine diskusjonar, og sjå kor utruleg mange ulike meiningar det kan vere om eit og same tema.

Men for meg er Twitter litt mindre... stivt, i mangel på betre ord. Verdien for meg ligg i sjansen til meir kvardagslege, fjasette og til tider direkte absurde diskusjonane. Det er reine leikeplassen for ordspel, dårlege vitser og underfundige tema.
Altså, eg kan vere seriøs. Og eg er det. Men eg har det skjeldan så gøy på Twitter som når eg diskuterer hybelkaninsafari eller britiske krimskodespelarar.

Poenget mitt er at svada og har ein verdi. Ein god latter forlenger trass alt livet, seiast det. Og det er ikkje skjeldan eg ler så eg rister, for meg sjølv åleine i leiligheta.

Seriøs og alvorleg har eg nok av sjanser til å vere i løpet av ei veke, til og med berre i løpet av dei 7,5 timane eg er på jobb. Og eg tek gjerne ein diskusjon om tema som verkeleg opptek meg.
Berre ikkje på 140 teikn.

4 kommentarer:

  1. SJOKOLADE :D (Eg berre seier det, eg)

    SvarSlett
  2. Ånei. Nå skjønte eg plutseleg kvar trangen til å putta "eg berre seier det, eg" kom i frå. Knis. Eg skulle jo ikkje mobba bloggtittelen din^^

    SvarSlett
  3. Gode poeng her Linn. Twitter er hva du gjør det til selv. Selv har jeg hatt god hjelp til å friske opp meg selv, bli engasjert og inkluderende på mange måter igjen.
    "Svada" vell kan godt kalles det også innimellom, men.. svada'en kan være god den som du sier, man får seg litt latter innimellom og en grå hverdag lyser opp. Akkurat nå må jeg dessverre pause litt pga ny sjukdom i familen, men jeg gleder meg til mitt "comeback" på Twitter om en dag eller tre :) CU

    SvarSlett
  4. @Kristine Hehe, bloggtittelen speler vel kjeften min til dagleg. Den går ein tanke fortere en hjerna til tider :P #upraktisk

    @LivS Uff, håper alt går bra! Skal sende varme tankar :)

    SvarSlett