søndag 4. april 2010

Eg ber ikkje om så mykje

Av og til skjøner eg verkeleg ikkje kvifor eg er singel... eg er jo ikkje kravstor.

Han kan for eksempel godt snuse, det er heilt greit. Snus lukter faktisk nesten litt godt. Så det gjer ingenting. Litt verre med røyk, men ja. Not a deal-breaker.

Han kan godt vere Liverpool-supporter. Liverpool-supportarar kan vere kjekke folk dei. Han kan derimot ikkje halde med Molde eller Strømsgodset, eller Chelsea eller Arsenal. Men alvorleg talt;
det er då vel ikkje så mykje å be om?

Skulle han halde med Manchester United eller AaFK så er jo berre det ein bonus...

Han må nok like fotball. Men altså, mann som ikkje liker fotball? Dei er det vel langt imellom vel?

Han kan godt vere høg og mørk. Eller liten og lys. Eller midt imellom. Vaskebrett eller vaskeball speler inga rolle.

Blå auge er fint. Men det er grøne og. Og brune... Dei treng ikkje å vere bronsefarga i alle fall.

Han treng ikkje å vere heilfrelst på verken CSI eller Harry Potter eller noko sånt. Han kan godt berre smile litt, klappe meg på hovudet og seie "du er søt du" når eg sit oppløyst i tårer over slutten på Ringenes Herre.

Det hadde vore fint med sjølvironi. Så skal eg halde vitsane på eit nivå over (hans) beltestad. Sånt spøker ein uansett ikkje med.

Han treng ikkje vere poet. Eller politiker. Eller filosof. Han treng ikkje å snakke i det vide og breie om tema eg eigentleg ikkje skjøner. Altså, det er fint om han gjer det og. Men han treng ikkje det.

Han må vere trufast. Altså, han kan godt tykje at Tone Damli Aaberge er vakker (herregud, det tykjer jo tilogmed eg), og han kan godt bemerke det. Men då må han tole at eg sukker henført kvar gong Jonas Gahr Støre er på TV.

Han må vere litt sånn... solid, i mangel på betre ord. Stødig. Ikkje typen som fyk opp for alt, gjerne litt laid back. Kanskje til og med litt sjenert. Det er jo berre søtt.

Han treng ikkje å kome med blomar kvar dag. Ikkje annakvar dag heller. Eg treng ikkje kjemperomantisk overrasking på Valentine's Day. Eg vil heller ha kvardagsromantikk eg. Og så hadde det vore greit med ein som hugser bursdagen min (for det gjorde ikkje den forrige).

Han kan høyre på akkurat den musikken han vil... til og med danseband... kanskje... i alle fall alt anna enn danseband.

Han kan ha akkurat den favorittfilmen han vil og. Og det kan godt vere skummel film. Så lenge eg kan gøyme meg i armkroken hans når det blir for skummelt.

Han treng ikkje å sitere Shakespeare. Eller Mr. Darcy. Eller kven som helst av Hugh Grant sine figurar. Han treng ikkje å halde dører for meg, eller dra ut stolen eller noko sånt. Altså, han kan godt gjere det. Men han
treng ikkje.

Han treng ikkje å køyre sølvgrå Volvo. Eller glitre i sollys. Eller ha hoggtenner. Då hadde eg faktisk blitt litt redd...

Han treng ikkje å seie ting som "You must allow me to tell you how ardently I admire and love you". Eller "what value will there ever be in life if we are not together". Det held lenge med "glad i deg".

Han treng ikkje vere italiensk. Eller fransk. Eller britisk. Han kan godt vere frå Ålesund, eller Vinje eller Ørsta eller Mold... ja, i alle fall
nesten kvarsomhelst.

Han kan seie 'e' eller 'eg' eller 'je' eller 'jag' eller 'i'... eller, kanskje ikkje de siste...

Han treng i alle fall ikkje vere lege. Eller advokat. Eller visepresident i eit eller anna viktig. Han kan godt vere snekker, eller bussjåfør, eller sveiser...

Men det er ein liten ting han godt kan gjere;
Han kan godt finne meg snart. For eg byjar å lure litt på kvar eg skal leite etter han.

5 kommentarer:

  1. Hmmm? Litt panikk her, eller? I allefall ikkje kresen!

    SvarSlett
  2. Ikkje panikk, berre påvirka av søte påskerimsluten i går *dån*

    SvarSlett
  3. Har heia på Liverpool sidan 1973, og liker fotball — utan å være fanatisk. Røykje... og snuser. Eg har blågrøn-brune auge, og stundom er eg høg og mørk, men oftast midt imellom. Og du er søt.

    Og så er eg ganske sjenert...

    SvarSlett
  4. PS: Eg gløymde å seie at eg er grafisk designer.

    SvarSlett
  5. Og så brukar eg tablettar i staden for vaskeball ;)

    SvarSlett